Statsarkivet i Stavanger er ein del av det norske Arkivverket og har Rogaland fylke som ansvarsområde. Statsarkivet vart oppretta i 1970. Statsarkivet er depotinstitusjon for arkivmaterialet frå den lokale og regionale statlige forvaltinga i Rogaland. Dei eldste arkiva går tilbake til 1500-og 1600-talet, men hovudtyngda av materialet er frå om lag 1750 og framover.
Statsarkivet har også eit overordna tilsyn med alle kommunearkiva i fylket. Ei anna, viktig oppgåve er arbeidet med bevaring av verneverdige private arkiv. Statsarkivet er fylkesansvarlig institusjon for privatarkivarbeidet i Rogaland. Dessutan er statsarkivet fylkesansvarleg kontaktinstitusjon for fotobevaringsarbeidet. Statsarkivet er med andre ord både eit forvaltingsorgan og ein kulturverninstitusjon.